Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Studietilbod > Studiespesialisering > Opplæring i utlandet

Opplæring i utlandet

Føresetnad for godkjenning av opplæring i utlandet på Vg2

· Eleven må vise formell dokumentasjon på at opplæringa i utlandet er gjennomført på eit fagnivå og med eit timetal tilsvarande Vg2 Studiespesialisering i Noreg. Eleven må dessutan ved retur til Noreg ha det nødvendige faglege grunnlaget for å følgje opplæringa på Vg3.

· Innhaldet i opplæringa må ha hovudvekt på allmenne fag (general studies). I tillegg må opplæringa innehalde minst to fag som eleven kan bygge vidare på i Vg3 slik at eleven kan tilfredsstille kravet til programfag i valde programområde.

· Viss ikkje eleven vel matematikk R2 eller matematikk S2 på Vg3, må han/ho ta eksamen i Matematikk T eller Matematikk P som privatist.