Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

VoldaVGS > Studietilbod > Studiespesialisering > Spesiell studiekompetanse

Spesiell studiekompetanse

Spesiell studiekompetanse:

Ein del utdanningsinstitusjonar krev visse fagkombinasjonar. Her er eit oversyn over desse:

Utdanningsinstitusjon Fag   Fag   Fag
Siviløkonom- og informatikkstudium R1 eller (S1+S2)        
Ingeniør- og sivilingeniørstudium (R1+R2) + Fysikk 1    
Bioingeniør R1 eller (S1+S2) + Fysikk1 eller Biologi 1 eller Kjemi 1    

Lege/tannlege/

ernæring/farmasøyt

R1 eller (S1+S2) + Fysikk 1 + Kjemi (1+2)
Veterinær R1 eller (S1+S2) + Kjemi (1+2)    
Reseptar og tannteknikar R1 eller (S1+S2) eller Fysikk 1 eller Kjemi 1        
Arkitektur - NTNU (R1+R2) + Fysikk 1    
Realfag, natur- og miljøfag R1 eller (S1+S2) + Eitt fag (1+2) frå programområde realfag.  

Forklaring: R1/R2 er matematikk for realfag og S1/S2 er matematikk for samfunnsfag.

Tilleggspoeng for realfag og framandspråk ved opptak til høgare utdanning

Det vert gitt inntil 4 tilleggspoeng for programfag i realfag og framandspråk.

Alle programfag i programområdet for realfag og framandspråk som programfag (ikkje engelsk) med eit omfang på 5 veketimar gir 0,5 tilleggspoeng, med unntak av Matematikk R2 , Fysikk 2 og Framandspråk III, som gir 1,0 tilleggspoeng.