VIP-makkerskap

Skuleprogrammet VIP-makkerskap

 

Kva er VIP-makkerskap?

Makkerskapskonseptet byggjer på kjende prinsipp for klasseleiing. Frå 2015 har VIP-makkerskap vore eit tilbod for videregåande skular, og frå hausten 2019 vert det og tilbode ungdomsskular. Bak tiltaket står Skoleprogrammet VIP (Veiledning og informasjon om psykisk helse i skolen), ved Vestre Viken og Helsedirektoratet.

Gjennomføring av VIP-makkerskap bidreg til tydeleg leiing og struktur i klasserommet. Dei vaksne tek ansvar for å danne elevgrupper som varer ei avgrensa tid (3 veker). Programmet handlar om å auke elevane sin sosiale kompetanse. Dette vert gjort både ved å gjennomføre lærarstyrt makker- og gruppeinndeling, og ved å praktisere enkle øvingar om samarbeid og betre kommunikasjon.

Vi veit at fagleg og sosial fungering heng i hop, og at elevane brukar mykje energi dei første vekene på å finne sin plass sosialt. Ved å starte med VIP-makkerskap allereie første skuledag er det lettare å skape eit inkluderende og trygt klasserom der det er fokus på fellesskap. VIP-makkerskap handlar om felleskap, ikkje om påtvunge vennskap.

Mål

Hovudmålet med VIP-makkerskap er å skape inkluderande klasserom der færre elevar skal oppleve at dei fell utanfor. Dette er vidare formulert i fem målsetjingar. VIP-makkerskap skal bidra til:

  • ein mjukare overgang frå ungdomsskule til videregående skule.
  • at elevane skal bli kjende med fleire i klassa
  • å skape eit tettare og tryggare klassemiljø tidleg
  • å auke elevane sin sosiale kompetanse
  • å skape gode arbeidsrelasjonar som gjer at ein lærer meir og betre.

Kva betyr det å vere i eit makkerskap?

  • Makkerane sit ved sidan av kvarandre i klasserommet i alle fag der heile klassa er samla.
  • Makkerane helsar på kvarandre når dei treffest. Makkerane spør kvarandre t.d. om korleis helga har vore, kva du gjorde på i går osv.
  • Makkerane er merksame på kor godt den andre trivst. Har makkeren nokon å vere saman med i friminutta? Kjem makkeren til ev. sosiale arrangement med klassen/på skulen? Dersom makker vert bekymra, skal vedkomande vende seg til konktaktlæraren eller ein annan lærar i klassa.
  • Viss ein elev får beskjed av lærar om at makkeren er borte frå skulen ein dag, ynskjer vi at  eleven sender ei melding til makkeren på it’s learning eller på andre måtar. På meldinga kan det til dømes stå noko slikt som: «Hei! Fekk vite av læraren at du er vekke frå skulen i dag. Håper vi sjåast i morgon.»
  • I timane kan lærar be elevane om å jobbe saman i makkerskap eller i makkergruppa. Makkerar kan også bli bedne om å samarbeide om leksene.
  • Ei makkergruppe består av to makkerpar, dvs. fire elevar (unntaksvis fem)
  • Ved kvart makkerbytte vert det utarbeidd ein eigen gruppekontrakt i makkergruppa, ved kontaktlærar (korleis er beskrive i eige dokument til lærar).
  • Kor lenge makkerskapsordninga skal vare, er opp til lærarane og elevane i klassa. Den er viktigast i starten av skuleåret, men skal vare i minimum ni skuleveker. På den måten får kvar elev tre forskjellige makkerar gjennom 3 x 3 veker.

Tips for føresette til gjennomføring av VIP-makkerskap

  • Eitt av føremåla med VIP-makkerskap handlar om å øve på samarbeid i par og grupper. Det er fint om de (føresette) viser interesse for medelevane som ditt born er i makkerskap og/eller i makkergruppe med.
  • Del gjerne eigne erfaringar med å jobbe og samarbeide med andre du ikkje sjølv har vald, i ulike samanhengar (studiar/jobb/fritid).
  • Dersom du har spørsmål om gjennomføringa kan du vende deg til kontaktlæraren for klassa.

Om dette og meir vil de få informasjon om på foreldremøta straks etter skulestart (eiga innkalling kjem), i mellomtida kan de klikke på lenkene under for å lese meir.

Snarvegar

Kontakt

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.