Skulestart 2023

Oppmøte første skuledag

Vi gler oss til å møte både nye og gamle elevar til første skuledag som er måndag 21. august 2023! 

De skal då møte til desse tidspunkta:

Vg1 - Møter klokka 09.00 i Festsalen
Vg2 - Møter klokka 10.30 på klasseromet sitt (Sjå nedanfor)
Vg3 - Møter klokka 12.00 på klasseromet sitt (Sjå nedanfor)
Påbyggingsklassene møter klokka 10.00 i Festsalen

VG2 KL. 10:30

KLASSE

KONTAKTLÆRAR(-AR)

ROM

2ST1 

Tove Nilsen Løset

Ragnar Didrik Osdal

 K205

2ST2 

Eva Ingeborg Solvang Brune

Magne Maurset

 K206

2ST3 

Ingrid Maria Løfoll

Mette-Karin Leirvik

 K204

2KDA 

Pauline Masdal

 K114

2MK1 

Åge André Breivik

 R3

2MU1 

Marit Lid Skorstad

Kjetil Eiksund

 R4

 

VG 3 KL. 12:00

KLASSE

KONTAKTLÆRAR

ROM

3ST1 

Ingvil Håberg Velle

 K304

3ST2 

Kristin Mork

 K305

3ST3 

Kjetil Bjørkedal

 K306

3KDA 

Dace Ose

 K115

3MU1 

Kirsten Ragnhild Grimstad

 R2

3MK1 

Jorid Vårdal

 R1

 

Bilete av skuleområdet.

Bilete frå Google maps der dei forskjellige bygga på skuleområdet er markert.

 

Elevregistreringa på skolestart.mrfylke.no

Elevar som takkar ja til skuleplass på Vg1 ved Volda vidaregåande skule vil få ein sms frå og med 24. juli om å logge seg inn på skolestart.mrfylke.no. Der finn du viktig informasjon og du skal ein gjere nokre val. Det er viktig at de gjer desse vala så raskt som mogleg. Då er det størst sjanse for at du får det du ønsker deg.

Språkval (alle)

Elevar som har hatt framandspråk på ungdomsskulen kan velje å halde fram med det same framandspråket på nivå II, eller velje eit nytt framandspråk på nivå I (for skuleåret 23/24 tilbyr vi Fransk for desse elevane). Elevar som IKKJE har hatt framandspråk på ungdomsskulen kan berre velje Tysk. Desse elevane har førsteprioritet på faget Tysk.

Matematikkval (alle)

Valet du gjer på skolestart.mrfylke.no er å sjå som mellombels. Endeleg matematikkval og inndeling i 1T (teoretisk) og 1P (praktisk) skjer etter at skulen har starta.

SkulePC (alle)

Her kan du leser meir om SkulePC-ordninga til Møre og Romsdal fylkeskommune.

Nytt i 2023 er at fylkeskommunen tilbyr ein kraftigare modell til elevar som skal gå i utdanningsprogamma Medium og kommunikasjon, og Kunst, design og arkitektur.

Breiddeidrett på Vg1 (ST)

Det har vore eit sterkt ønske frå elevar og føresette at skulen skal tilby eit idrettsfag etter at vi dessverre måtte avslutte faget Toppidrett. Vi har også no fått dei beste føresetnadane for å kunne tilby dette med den nye hallen i bygda, Volda Campus Sparebank1 Arena. Vi ønsker difor å tilby faget Breiddeidrett for elevar på Vg1 Studiespesialisering.

Elevar som vel dette faget på Vg1 vil då få fem (5) timar i veka i tillegg til dei ordinære obligatoriske timane. Dette gjer at ein på Vg3 får eit valfritt programfag mindre, som då gjev fem (5) færre timar i veka.

Om du skal gå ST og ønsker å ha breiddeidrett på Vg1 så må du legge inn det under "Merknad" i bestillingsskjemaet.

Andre val (alle)

Andre val som du skal ta stilling til i skjemaet er kva målform du skal ha som hovudmål, og om du samtykker til fotografering og filming. Bur du på hybel så skriv du inn hybeladressa di. Om du ikkje veit kvar du skal bu på hybel, så kan du skrive inn adressa på eit seinare tidspunkt.

 

Informasjon og opplæring frå IT-avdelinga

Omlag ei veke før skulestart får dei som har takka ja til skuleplass ein sms med ei lenke til ein opplæringsvideo. Videoen bør de sjå før de startar på skule til hausten. Det er mogleg å gå tilbake å sjå den igjen seinare. 

Videoen vil inneholde informasjon om korleis de aktiverer brukarkonto, koplar seg på skulen sitt nettverk, korleis de nyttar Microsoft Authenticator appen og korleis de loggar på Microsoft 365.

Første skuledag vil de motta VIS-ID som de skal nytte til å aktivere brukarkontoen.

 

Viktige datoer for inntak til vidaregåande opplæring i 2023

Vi tek atterhald om at datoane kan bli endra.

DatoFrist
1. februar, kl 23:59

Søknadsfrist for:

  • inntak med fortrinnsrett eller individuell vurdering
  • formidling til læreplass for lærekandidatar
1. mars, kl 23:59

Søknadsfrist for:

  • formidling til læreplass for lærlingar
  • ordinært inntak til vidaregåande skolar
April

Svar:

•     til dei som har fått søknaden sin behandla med fortrinnsrett eller individuell vurdering i tidleg inntak

15. juni

Frist for:
•    innsending av flyttemelding
•    førehandssvar på vigo.no for dei som søker ordinært inntak
•    legge inn NYTT mobilnummer eller e-postadresse på vigo.no

23. juniFrist for:
•    Fylkeskommunen må ha motteke ettersendte vitnemål innan 23. juni for at dei skal vere registrert før 1. gongs inntak
ca. 3. juliSvar på 1. gongs inntak
17. juliSvarfrist 1. gongs inntak
ca. 3. augustSvar på 2. gongs inntak
7. augustSvarfrist 2. gongs inntak
21. augustSkulestart

Spørsmål om inntak

Dersom du har spørsmål om inntaket så er det inntakskontoret på utdanningsavdelinga som kan svare på det. Du kan ringe dei på 71 28 01 50 eller sende ein epost på inntak@mrfylke.no. 

 

Lokal venteliste 

Lokal venteliste er for deg som ikkje har søkt via Vigo eller skal gjere omval. Om du skal gjere omval er det viktig at du ikkje seier frå deg skuleplassen du har fått. Då kan du risikere å stå heilt utan tilbod.

Etter 2. gongs inntak (tidlegast 10. august) vert det opna for at skulen kan ta inn elevar frå venteliste. Først vert elevar frå den ordinære ventelista tekne inn. Om det er ledige plassar etter det, så vert elevar frå lokal venteliste tekne inn. 

Søkarane vert prioritert på denne måten:

  1. Søkarar med ungdomsrett (U)
  2. Søkarar med fullføringsrett (F) eller vaksenrett (V) er likestilde i inntaket. Det er poengsummen som avgjer.
  3. Søkarar med ikkje-rett (I)

For å stå på lokal venteliste så må du sende ein e-post til volda.vgs@mrfylke.no med denne informasjonen:

  • Namn
  • Fødselsdato
  • Mobilnummer
  • E-post
  • Studieretningsønske
  • Eventuell skule og studieretning du er komen inn på

Vi må ha denne informasjonen skriftleg, så det hjelp ikkje å ringe til skulen. Den lokale ventelista vert behandla etter "først til mølla" prinsippet. Dvs. at de vert sett opp i den rekkefølgja vi får inn søknadane. Vi tek kontakt med deg på telefon når vi er komne til din plass på lista. Det er difor viktig at de er tilgjengelege på telefon og svarer når vi ringer. Våre nummer startar på 71 28 23 xx. 

Når vi får søkarar frå andre fylke må vi ha godkjenning frå heimfylket om at søkaren har rett til skuleplass og at fylket refunderer skuleplassen. Det er eigne rutinar på dette.

 

Val av programfag for Vg3 Påbygging

Elevar som skal ta til på Vg3 påbygging skal velje eit programfag. Klikk her for å gå til skjema for å gjere valet.
Frist for val av programfag for PB er 31. juli. Dei som vert tekne inn som elevar etter denne datoen må ordne det så snart som råd.

 

Stipend

Alle som går på vidaregåande skule, kan få stipend frå Lånekassen.

Dei fleste får berre utstyrsstipend, men nokre får også bortebuarstipend og inntektsavhengig stipend.

Stipend skal ikkje betalast tilbake

Stipend er ikkje det same som studielån, som studentar i høgare utdanning får. Stipend er pengar du får og ikkje må betale tilbake.

Unntaket er dersom du får utbetalt meir stipend enn du har rett til. Då må du betale tilbake det du har fått for mykje. Det kan for eksempel skje dersom du sluttar midt i skoleåret.

Vanlege stipend

Utstyrsstipendet skal bidra til å dekke det du treng av utstyr på den linja du tar, som for eksempel PC eller kokkeklede. Kor mykje du får, er avhengig av kva linje du tar. Alle har krav på stipendet, men du må hugse å søke.
Det finst også stipend for deg som ikkje kan bu heime, har lang reiseveg til skulen eller kjem frå ein familie med låg inntekt. Du må oppfylle visse vilkår for å få slike stipend.

Dei som ikkje har skuleplass, må vente med å søke til dei har fått stadfesta opptak.

Kva kan du få i stipend?

På nettsidene til Lånekassen kan elevane sjølv sjekke kor mykje pengar dei kan få frå Lånekassen neste studieår.

Elevar som tek vidaregåande opplæring med ungdomsrett, kan sjekke kor mykje dei kan få i lån og stipend her
Elevar som tek vidaregåande opplæring utan ungdomsrett, kan sjekke kor mykje dei kan få i lån og stipend her

Ungdomsrett

Dei fleste som tek vanleg vidaregåande skule etter ungdomsskulen, har ungdomsrett.

Søknadsfrist

Du må ha ein skuleplass før du søker. Det er same fristar for alle stipenda:

  • 15. november for heile året eller berre haustsemesteret
  • 15. mars for vårsemesteret

 

Buss

Skuleskyss

  • Har du meir enn 6 km avstand (ein veg) mellom heim og skule kan du ha rett på fri skuleskyss. 
  • Om du ønsker fri skuleskyss skuleåret 2023/2024 må du søkje du dette på skoleskyss.mrfylke.no.
  • Om du allereie har eit skuleskysskort, anten frå ungdomsskulen eller vidaregåande, blir dette oppdatert (om du framleis har rett). Har du mista skuleskysskortet ditt må du kontakte oss, så vil vi bestille eit nytt. Dette kostar 100 kr.
  • Har du ikkje hatt skuleskysskort før vil du få eit nytt på skulen ved skulestart.
  • Du kan søke om skuleskyss etter å ha takka ja til skuleplass. Du må registrere søknaden din innan utgangen av juli for at skuleskysskortet skal vere klart til skulestart for dei elevane som ikkje har hatt skuleskyss før, eller av andre grunnar må ha nytt skuleskysskort.

 

Kontakt

Har du spørsmål om informasjonen på denne sida, så kan du ta kontakt med skulen via e-post eller telefon.
E-post: volda.vgs@mrfylke.no
Telefon: 71 28 23 00 

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.