Stipend
Alle som går på vidaregåande skule, kan få stipend frå Lånekassen.
Dei fleste får berre utstyrsstipend, men nokre får også bortebuarstipend og inntektsavhengig stipend.
Stipend skal ikkje betalast tilbake
Stipend er ikkje det same som studielån, som studentar i høgare utdanning får. Stipend er pengar du får og ikkje må betale tilbake.
Unntaket er dersom du får utbetalt meir stipend enn du har rett til. Då må du betale tilbake det du har fått for mykje. Det kan for eksempel skje dersom du sluttar midt i skoleåret.
Vanlege stipend
Utstyrsstipendet skal bidra til å dekke det du treng av utstyr på den linja du tar, som for eksempel PC eller kokkeklede. Kor mykje du får, er avhengig av kva linje du tar. Alle har krav på stipendet, men du må hugse å søke.
Det finst også stipend for deg som ikkje kan bu heime, har lang reiseveg til skulen eller kjem frå ein familie med låg inntekt. Du må oppfylle visse vilkår for å få slike stipend.
Dei som ikkje har skuleplass, må vente med å søke til dei har fått stadfesta opptak.
Kva kan du få i stipend?
På nettsidene til Lånekassen kan elevane sjølv sjekke kor mykje pengar dei kan få frå Lånekassen neste studieår.
Elevar som tek vidaregåande opplæring med ungdomsrett, kan sjekke kor mykje dei kan få i lån og stipend her
Elevar som tek vidaregåande opplæring utan ungdomsrett, kan sjekke kor mykje dei kan få i lån og stipend her
Ungdomsrett
Dei fleste som tek vanleg vidaregåande skule etter ungdomsskulen, har ungdomsrett.
Søknadsfrist
Du må ha ein skuleplass før du søker. Det er same fristar for alle stipenda:
- 15. november for heile året eller berre haustsemesteret
- 15. mars for vårsemesteret