26. november 1942

Dagen i dag er det 79 år sidan lasteskipet S/S Donau la ut frå kai i Oslo, med kurs for Tyskland. Skipet hadde ei spesiell last. Av dei mange som var ombord var det også ein elev ved det som i dag heiter Volda vidaregåande skule, men då Volda Handelsgymnas. Han kom aldri attende.

Skriv ut

Abraham var elev på Volda Handelsgymnas i 1942. Skulen var ein forlaupar til Volda Vgs. Han kom frå Trondheim og budde på hybel hos Anna og Johan Strand på Røysbakken i Volda. Abraham skulle ta 2-årig Handelsgymnas på eitt år. Han var født 9. juni 1920 i Trondheim og familien hans budde der.

Den 31. oktober vart Abraham arrestert av politiet heime på hybelen sin. Han visste at dei skulle kome og venta på å verte arrestert. Abraham vart sett i arrest i kjellaren på sin eigen skule. Elevane og lærerane var i fyrstninga rådlause, men dei fekk etter kvart summa seg og tok ei avgjerd på at dei ønskte å gi Abraham ein bibel. Slik fekk klassestyraren møte Abraham i cella og gitt han bibelen. Fleire meinte at  Abraham burde røme, og freista få han til å gjere det, men han ville ikkje fordi han var redd for kva som kunne hende med resten av familien i Trondheim. Abraham var ved godt mot og meinte han kunne vere tilbake til eksamen.

Slik skulle det ikkje gå. Han vart fyrst sendt til Ålesund og arresten der før han vart sendt til Berg interneringsleir ved Tønsberg. Her kom han saman att med resten av den mannlege delen av familien sin. På Berg var dei i om lag ein månad før dei klokka 5 om morgonen den 26. november 1942 vart stua saman i jernbanevogner, sendt inn til Oslo og skyssa om bord i S/S «Donau». Skipet tok dei vidare til Tyskland.

Abraham og dei fleste av dei norske jødane vart sendt vidare til Auschwitz, dit dei kom den 30. november 1942. Kvinner, born og eldre vart gassa i hel med ein gong dei var framme. Mange av dei andre norske jødane døydde tidleg i fangenskapet. Dei var ikkje mentalt budde på den enorme brutaliteten og dei umenneskelege forholda som tyske utryddingstroppar utsette dei for.

Ein reknar det som truleg at Abraham døydde allereie innan den fyrste månaden han kom til Auschwitz, altså i desember 1942.

Vi lyser fred over hans minne, og let i dag eit lys brenne ved oppslaget og biletet av han i biblioteket. 

Snublestein.no

Lokalhistoriewiki.no

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.