Covidtest (hurtigtest) før du møter på skulen for undervising

.

Skriv ut

Helsedirektoratet melder:

Alle ansatte i barnehager og alle elever og ansatte i barneskole, ungdomsskole og videregående skole bør teste seg innenfor 24 timer før de går på jobb eller skole første dag etter juleferien. Helsedirektoratet ber kommunene sette av en selvtest til alle elever og ansatte til dette formålet. Formålet med at alle ansatte og elever tester seg, er å fange opp smitte før oppstart i barnehager og skoler.

Med dette oppfordrar vi ALLE (både elevar og tilsette) å ta hurtigtest 24 timar før første skuledag der du har fysisk frammøte på skulen. Første frammøte på skulen for undervising vil vere anten torsdag 6. januar eller fredag 7. januar (plan kjem). Det er digital undervising tysdag 4. og onsdag 5. januar.

Skulen har fått hurtigtestar til utdeling, i tillegg til at ein kan vende seg til kommunehelsetenesta i den kommunen ein bur for å få slik test. Test kan også kjøpast på apotek.

Det vil vere ope på skulen heile veka etter nyttår, slik at ein kan vende seg i resepsjonen for å få test. Hugs å sprite hender når de kjem/går.

Hugs også at der er påbod om bruk av munnbind på kollektivtransporten!

Merk også:
Dersom ein har symptom på Covid19 bør ein ta ein PCR test (på teststasjon) og halde seg heime i påvente av svar.

Dei som har vore sjuke med covid-19 siste 3 månader treng ikkje teste seg.

Ønsker alle ei fortsatt god jul og ei god nyttårsfeiring!