Dataspel på timeplanen
Dei siste tre vekene har IT2 klassa hatt spel på timeplanen. Ikkje å spele dataspel, men for å lage sine eigne dataspel. Dei har jobba i grupper på tre. Her har dei laga ulike spel. Det kan vere spel der to spelar mot kvarandre på same datamaskin eller at ein spelar mot ulike fiendar. Nokre av spela kan vere ulike variantar av spel som allereie finnast.
Det har vore mange timar med søking etter problem og løysningar, dei måtte også sørge for å gjere spela så brukarvenlege som mogleg. Alle spela er programmerte i Python og deretter gjort køyrbare.
Målet med dei ulike spela er litt forskjellige, nokre må du verkeleg skjerpe deg for å vinne mot datamaskina, andre der spelar du mot ein kompis og kan sjølv velgje når ein har ein vinnar. Andre igjen er meir for tidtrøyte og underhaldning. Dei forskjellige spela finn du under dokumenter, nedst på sida.
Gjer merksam på at filene ikkje er optimaliserte for raskt oppstart, så det kan vere at det tek litt tid frå du dobbelklikkar på fila til den opnar seg. Får du opp varsel frå Windows om at dette kan vere ei suspekt – fil så velg meir – og «Kjør likevel». Filene skal vere heilt trygge sjølv om du kan få advarslar i Windows.
Ovanfor ser du eit bilde av gjengen siste timen før vinterferien, her jobba dei med å klargjere filene for at DU skal få prøve dei.