Det er påvist smitte hos elev ved skulen
Elev i 3MK1 har fått påvist covid-19, og det er med stor sannsynligheit ei kopling mot utbrotet i Ørsta kommune.
Smittesporingsteamet har peika på at elevar som var til stades i 3MK1 og i faget Medieutvikling torsdag i førre veke (veke 14) skal i karantene.
Informasjon frå smittesporingsteamet i kommunen:
Samtlege elevar i desse gruppene er definert som Nærkontakter og må forhalde seg til karantenereglane til FHI.
Dette vil seie karantene i 10 dagar frå siste kontakt der desse vert oppfordra til å gjennomføre 2 testar; ein test rimeleg umiddelbart,og ein test 7 døgn etter sist eksponering, det vil altså seie tidlegast fredags morgon.
Fleire er allereie blitt ringt opp/informert, fleire har allereie gjennomført test nr. 1. Vi oppmodar elevane om å ta kontakt med sine respektive teststasjonar i sin kommune for testing.
Elevane sine husstandsmedlemmer må i det ein kallar "ventekarantene". Dvs. strikt husstand skal forhalde seg til dei same karantenereglene inntil eleven sitt første prøvesvar føreligg. Husstand skal ikkje testast (ved mindre symptom el. andre symptom). Dersom det ikkje ver påvist virus i første test så opphøyrer denne ventekarantenen for husstand, men karantenen til eleven vil fortsette uavhengig i totalt 10 dagar.
Informasjon om karantenereglar med meir:
- Pålagt karantene: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/karantene-og-isolering/)
- Oppmoding om å bestille test
- Ventekarantene for husstand: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/testing-og-oppfolging-av-smittede/forsterket-tisk2/)