DIGITAL HEIMEUNDERVISING MÅNDAG 4. 1 OG TYSDAG 5.1 – OMSTILLING TIL RAUDT NIVÅ

Regjeringa har i kveld bestemt at alle landet sine vidaregåande skular skal gå over til raudt nivå for å bidra til mindre smitte i samfunnet. Dette gjeld frå og med 4. januar. Sjå  regjeringen.no

Skriv ut

Vi må tilpasse plan for læringsarbeidet til den perioden vi no er i, og det blir difor digital heimeundervising etter ordinær timeplan desse to første skuledagane i januar. Så snart vi har klar ein god plan for dei komande dagane vil de straks få beskjed. Når vi t.d. har skaffa oss oversyn over praktiske omsyn både i høve oppsamlingsprøver, fagdagar mv. vil plan for undervising på skulen og heime bli publisert.

Elevar som treng utstyr, bøker o.l. kan likevel kome på skulen og hente dette i løpet av morgondagen.