Elev ved skulen er påvist smitta av covid-19
Vi fekk i fredag kveld (12.3) melding om at ein av elevane våre har fått påvist smitte av covid-19. Eleven går i 3. klasse ved musikklina. Skulen melde, i samråd med lokalt smittemynde, om dette til elevar og tilsette via skulen sitt meldingssystem (Teams).
Alle elevar på utdanningsprogrammet Musikk, dans og drama og to klasser (Vg2 og Vg3) frå utdanningsprogrammet Medium og kommunikasjon vart bedne om å teste seg, og halde seg heime i påvente av telefon frå kommunalt smittemynde.
Det vart på ny sendt melding med varsling til elevane laurdag morgon, med tanke på at flest råd skulle sjå varselet om at utvalde elevar skal halde seg heime, og helst gjennomføre smittetest snarast.
Vi oppdaterer i saka når vi har meir å melde.
Ber om at både elevar og tilsette sjekkar meldingar via Teams hyppig, og ber om at føresette jamleg sjekkar skulen si heimeside www.volda.vgs.no for ny og oppdatert informasjon.
Det er også fint om føresette kan oppmode/seie i frå til ungdommane om å skru på varslingslyd på telefonane sine og svare om det kjem samtalar frå ukjende nummer, då det kan vere frå smittesporingsteamet. Det vil gjere det mykje lettare å drive smittesporing om dei får kontakt med elevane.