Felles testing for 1ST4 og Spansk 2 Vg1
Informasjon frå skulen, torsdag 26. august
I og med at vi no praktiserer "testing i staden for smittekarantene" for dei som har fått første negative test, så er det veldig viktig at de ikkje møter på skulen om de har symptom.
NB! Dersom de har symptom er det viktig at de tek kontakt med smitteteamet i kommuna di og gjer avtale med dei om eventuell testing på teststasjon.
Helsetenesta i Volda og Ørsta har bedt skulen om å organisere felles testing for klasse 1ST4 og Spansk 2 Vg1 gruppa der Aase Digernes er lærar. Elevane og lærarane skal møte i Festsalen i morgon, fredag 27. august klokka 14.30.
Vi har ikkje fått beskjed om kva som skjer vidare i dei andre klassene/gruppene som har smitte. Her må de berre fylgje dei instruksane som er gjevne av helsetenesta. Om vi vert kontakta og bedt om å organisere for dei andre gruppene så vil de få sms frå oss om det. Avsendar på SMS vil vere 27731000003498.