Føresettemøte for Vg1 hausten 2022

Vi inviterer med dette til orienteringsmøte for føresette som har elevar på vg1. Tysdag 20. september 2022 kl 19.00 (felles del til ca 20.30) i festsalen, øvre bygget.

Skriv ut

Program:

A:        Orientering om skulen: organisering av skulekvardagen, informasjonskanalar /læringsplattformer, elevutstyr, reglement, programfagstilbodet, samarbeid med føresette mv.  

B.         Val av foreldre-/føresetterepresentant til skuleutvalet*

C:         Klassevise møte med kontaktlærar

*Val av representantar til Skuleutvalet:

Sjå reglement for skuleutvalet som ligg lenka til under.

Skuleutvalet skal mellom anna ha ein føresetterepresentant m/vara som blir valt kvart år, med funksjonstid 1 år. Av praktiske grunnar må valet skje på dette informasjonsmøtet, og vi inviterer til at villige personar melder seg til skulen, gjerne på førehand.  Dersom vi får fleire kandidatar, vert det gjennomført skriftleg val.  Valresultatet vert presentert på skulen si heimeside (www.volda.vgs.no), når oppteljing er gjennomført.  Skuleutvalet vil ha om lag 3 møte i året, på dagtid (normalt i tida 12-15).  Honorar for foreldrerepresentant er p.t kr. 1600.- pr møte.  Om du kan tenkje deg å stille til val, så meld deg via e-post til rektor, på følgjande e-postadresse: trond.hjelseth@mrfylke.no    

Hjarteleg velkomne!

Med vennleg helsing

Trond Hjelseth
Rektor

Dokumenter

Kontakt