Informasjon til elevar og føresette om undervisningsevalueringa 2022-23
Det er politisk vedteke at vidaregåande skular i Møre og Romsdal skal gjennomføre ei undervisningsevaluering kvart skuleår. Målet med evalueringa er at ho skal vere eit verktøy for kvalitetsutvikling i den vidaregåande opplæringa i fylket. Resultata vil brukast i utviklingsarbeid mellom lærar og undervisningsgrupper, og mellom lærar og avdelingsleiar. Rambøll Management Consulting hjelper fylkeskommunen i design, gjennomføring og rapportering av evalueringa.
På Volda vidaregåande skule vert undervisingsevalueringa gjennomført i veke 47, perioden 21. – 25. november. Absolutt siste frist er fredag 25. november, deretter er undersøkinga stengt.
Evalueringa vert gjennomført som ei elektronisk spørjeundersøking som elevane skal svare på i skuletida. Det er frivillig for elevane å svare på undersøkinga, men vi oppmodar alle elevar til å delta. Svara vert handsama konfidensielt, og ingen vil kunne identifisere einskildsvar. Det vil berre bli utarbeidd rapportar for grupper med fem eller fleire svar.
Elevane skal evaluere korleis undervising og vurdering i fag er lagt opp og gjennomført av lærar. Dei skal også evaluere sitt eige læringsarbeid. Den einskilde elev skal svare på evalueringa éin eller fleire gongar, avhengig av kor mange fag/lærarar han er blitt vald ut til å evaluere. Det er også mogleg at ein elev ikkje skal evaluere nokon fag/lærarar. Det er skuleadministrator som har bestemt kva klasser/grupper som skal evaluere, etter innspel frå lærarane.
Spørsmåla er like for alle fag/undervisningsgrupper. Spørjeskjemaet er utvikla i samarbeid mellom Rambøll og Møre og Romsdal fylkeskommune. Skjemaet inneheld spørsmål fordelt på fem tema:
- Eleven si meistring og motivasjon (sjølvevaluering)
- Læringsmiljøet i gruppa
- Vurderingspraksis
- Støtte frå lærar
- Faglege utfordringar og forventningar
Har de spørsmål til undersøkinga, kontakt Møre og Romsdal fylkeskommune ved rådgivar Monica Solheim (monica.solheim@mrfylke.no), eller rådgivar Ann-Christin Hoel Lervik (ann-christin.hoel.lervik@mrfylke.no)
Med venleg helsing
Trond Hjelseth
Rektor, Volda vidaregåande skule