Informasjon til foreldre og føresette om Elevundersøkinga 2020

Kva er føremålet med Elevundersøkinga?

Elevundersøkinga gir elevane høve til å seie kva dei meiner om læring og trivsel på skulen. Resultata frå undersøkinga blir lagra og brukte av skular, skuleeigarar og den statlege utdanningsadministrasjonen for å analysere og utvikle skule- og læringsmiljøet til elevane. Data frå undersøkinga kan også bli brukte til forsking, og forskarar kan få utlevert rådata frå undersøkinga. Delar av resultata frå Elevundersøkinga blir publiserte på Utdanningsdirektoratets netteneste Skoleporten (skoleporten.udir.no).

Skriv ut

Korleis blir undersøkinga gjennomført og arbeidd med?

Det er politisk bestemt at i Møre og Romsdal fylkeskommune skal alle elevar i vidaregåande opplæring få høve til å delta i undersøkinga. Det er likevel ikkje obligatorisk for den einskilde elev å delta. Det er frivillig å svare på Elevundersøkinga, og eleven kan velje å hoppe over spørsmål dersom han opplever nokre av dei som ubehagelege, eller det er nokre spørsmål eleven ikkje vil svare på. På Volda vidaregåande skule ynskjer vi likevel ein høg deltakarprosent, slik at resultata gir eit sant bilete av situasjonen i klassene og på skulen.

 

Undersøkinga vert gjennomført elektronisk på elevens eigen PC, og vil ta mellom 20 og 40 min. Kontaktlærar gjennomfører undersøkinga med elevane i løpet av siste veka før jul 2020. Kvar elev får sitt passord, tilfeldig generert og utdelt.  Når undersøkinga er gjennomført og resultata klare, vil elevane bli presentert for det samla resultatet for si klasse.  Dette vert diskutert, med høve til å kome med framlegg og gjere avtalar som t.d. kan styrke læringsmiljøet i klassa.  Skulens samla resultat er det viktigaste grunnlaget for å kunne utvikle Volda vidaregåande skule vidare i ei positiv retning.

 

Behandlingsansvar og personvern

Når elevane svarer på spørsmål i Elevundersøkinga, blir det lagra personopplysningar om dei. Utdanningsdirektoratet er ansvarleg for at personopplysingane som vert handsama i Elevundersøkinga, vert gjort korrekt og etter gjeldande personvernregelverk. Conexus driftar det tekniske i undersøkinga på vegne av Utdanningsdirektoratet og må følgje same regelverk om personopplysingar. Conexus driftar også portal for bestilling, innhenting og vising av resultat frå Elevundersøkinga, inkludert grunnlagsdata. Portalen krev pålogging.

 

Resultata frå Elevundersøkinga kan ikkje direkte bli knytt til personar som har svart. Elevane som svarer oppgir ikkje namnet sitt, og det er ikkje knytt personnummer til svara. Når undersøkinga blir avslutta, vert samanhengen mellom påloggingskoden til eleven og svaret broten. Difor er det svært vanskeleg å identifisere kven som har svart kva i undersøkinga. I nokre svært få tilfelle kan det likevel vere ei teoretisk mogelegheit for at nokon kan kjenne att kven som har svart kva (indirekte identifisering), til dømes ved små skular der nokon har bakgrunnskunnskap om dei som har svart. Difor har vi svært strenge reglar for å vise resultat frå undersøkingane - det gjeld for skulane, skuleeigarane og dei statlege utdanningsmyndigheitene.

 

Det er lagt inn eigne reglar (prikkereglar) for å skjule resultat og dermed redusere faren for at nokon indirekte kan kjenne att kven som har svart kva. Data frå undersøkinga blir aldri publisert offentleg på ein måte som gjer det mogeleg å kjenne att svara til einskildelevar. I dei tilfella vi gir ut data til forskarar, må dei følgje reglane til Utdanningsdirektoratet for behandling av data og teieplikt, og dei må skrive under på ei teieplikterklæring.

 

Rettsleg grunnlag for handsaming av personopplysingar

Det rettslege grunnlaget for handsaming av personopplysingar i Elevundersøkinga er personvernforordninga (GDPR) art. 6 nr. 1 bokstav e og art. 9 nr. 2 bokstav g, der det supplerande nasjonale rettslege grunnlaget er forskrift til opplæringslova § 2-3 og forskrift til friskulelova § 2-3.

 

Har du spørsmål?

For meir informasjon kontakt skulen ved Jørund Fet (71 28 23 05 | 412 76 548, jorund.fet@mrfylke.no).

Du finn også mykje informasjon på www.udir.no/undersokelser. Dersom du har spørsmål om personvernet i undersøkinga, kan du rette desse til personvernombodet i Utdanningsdirektoratet på e-post: personvernombud@udir.no.

Eventuelle klager på Utdanningsdirektoratets handsaming av personopplysingar i samband med Elevundersøkinga skal rettast til Datatilsynet. Du finn meir informasjon på nettsidene til Datatilsynet: https://www.datatilsynet.no/om-datatilsynet/kontakt-oss/hvordan-kan-jegklage-til-datatilsynet/

 

Kontaktinformasjon til Utdanningsdirektoratet:

Postadresse: Postboks 9359 Grønland, 0135 OSLO

Telefon: +47 23 30 12 00

E-post: post@udir.no

Internett: www.udir.no

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.