Ledig stilling som tilkallingsvikar
Vi søker etter
Volda vidaregåande skule søker etter tilkallingsvikarar i norsk og framandspråk skuleåret 2023/2024. Andre fag kan også vere aktuelle. Noko av undervisinga vil vere knytt til minoritetsspråkleg opplæring og særskilt tilpassa opplæring.
Tilsetting snarast.
Vi tilbyr
Vi kan tilby
* satsing på arbeidsgjevarpolitikk med tiltak for leiarar og medarbeidarar i vekst og utvikling
* utfordrande oppgåver i eit godt, aktivt og utviklande arbeidsmiljø
* individuelt tilpassa livsfasetiltak
* medlemskap i SPK (god tenestepensjon og gode forsikringsvilkår )
* løn etter gjeldande avtaleverk
Om skulen
Volda vidaregåande skule ligg om lag 6 mil sør for Ålesund. Volda har eit rikt kulturliv og breitt aktivitetstilbod innanfor idrett og
friluftsliv. Skulen ligg sentralt i bygda, i nærleiken av Høgskulen i Volda.
Skulen har utdanningsprogramma studiespesialisering, påbygg, Musikk, dans og drama, Medium og kommunikasjon og Kunst,
design og arkitektur. Volda vidaregåande skule har om lag 450 elevar og 80 tilsette, og held til i moderne og trivelege lokale.
For meir informasjon, sjå nettstaden vår volda.vgs.no.
Andre opplysningar
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.
Politiattest
Den som blir tilsett må levere politiattest jf. opplæringslova §10-9.