Ledig stilling - tilkallingsvikar

Volda vidaregåande skule søker tilkallingsvikarar

Skriv ut

Volda vidaregåande skule har skuleåret 2021/2022 behov for tilkallingsvikarer i korte og/eller lenger  undervisingsoppdrag innan dei ulike fagområda som skulen tillbyr. Vi er spesielt interessert i vikarar i faga geografi, naturfag (og realfag generelt), norsk, engelsk og historie. Andre fag kan også vere aktuelle.

Arbeidet er timebasert og kan variere i omfang. Det er aktuelt både med enkelttimar og med engasjement over lengre perioder.

Vi søker deg som har

o formell undervisingskompetanse i faga
o undervisingserfaring frå vidaregåande opplæring
o god kompetanse innan bruk av digitale verkty
o god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne

Vi kan tilby

o satsing på arbeidsgjevarpolitikk med tiltak for leiarar og medarbeidarar i vekst og utvikling
o utfordrande oppgåver i eit godt, aktivt og utviklande arbeidsmiljø
o individuelt tilpassa livsfasetiltak
o medlemskap i SPK (god tenestepensjon og gode forsikringsvilkår )
o løn etter gjeldande avtaleverk

Om skulen

Volda vidaregåande skule ligg om lag 6 mil sør for Ålesund. Volda har eit rikt kulturliv og breitt aktivitetstilbod innanfor idrett og friluftsliv. Skulen ligg sentralt i bygda, i nærleiken av Høgskulen i Volda.

Skulen har utdanningsprogramma Studiespesialisering, Påbygging til studiekompetanse, Musikk, dans og drama, Medium og kommunikasjon og Kunst, design og arkitektur. Volda vidaregåande skule har rundt 500 elevar og om lag 80 tilsette, og held til i moderne og trivelege lokale.

For meir informasjon, sjå nettstaden vår på volda.vgs.no.

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

Politiattest

Den som blir tilsett må levere politiattest.

 

Søknadsfrist    16.09.2021

Snarvegar

Kontakt