Ledige vikariat ved skulen for skuleåret 2021-2022

Volda vidaregåande skule har behov for vikarar i norsk/religion/geografi/matematikk/naturfag 

Skriv ut

Vi søker etter 

For skuleåret 2021/2022, søker Volda vgs. etter vikarar i faga norsk, religion, geografi, matematikk og naturfag i inntil 150% stilling. 

Den/dei som vert tilsette, må i tillegg rekne med å vere kontaktlærar.  
Det kan også verte aktuelt med støtteundervising for grupper/enkeltelevar. 

Skulen har behov for tilkallingsvikarar i dei same fagområda. 

Vi søker deg som har 

o    formell undervisingskompetanse i faga
o    undervisingserfaring frå vidaregåande opplæring
o    god kompetanse innan bruk av digitale verkty
o    god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne

Vi kan tilby 

o    satsing på arbeidsgjevarpolitikk med tiltak for leiarar og medarbeidarar i vekst og utvikling
o    utfordrande oppgåver i eit godt, aktivt og utviklande arbeidsmiljø
o    individuelt tilpassa livsfasetiltak
o    medlemskap i SPK (god tenestepensjon og gode forsikringsvilkår )
o    løn etter gjeldande avtaleverk

Om skulen 

Volda vidaregåande skule ligg om lag 6 mil sør for Ålesund. Volda har eit rikt kulturliv og breitt aktivitetstilbod innanfor idrett og friluftsliv. Skulen ligg sentralt i bygda, i nærleiken av Høgskulen i Volda. 

Skulen har utdanningsprogramma Studiespesialisering, Påbygging til studiekompetanse, Musikk, dans og drama,  Medium og kommunikasjon og Kunst, design og arkitektur. Volda vidaregåande skule har 520 elevar og om lag 100 tilsette, og held til i moderne og trivelege lokale. 

For meir informasjon, sjå nettstaden vår volda.vgs.no. 

Andre opplysningar 

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss. 

Politiattest 

Den som blir tilsett må levere politiattest jf. opplæringslova §10-9. 

Klikk her for å gå til søknadssida på mrfylke.no

Kontakt