Melding lagt ut til elevane våre på Teams i dag 25. august om vaksinering og fråver.
Den første delen av meldinga gjeld elevar som er busette i Volda kommune:
Dei som er fødd i 2004 og 2005 vil få tilbod om vaksine 9. september. Denne gruppa får innkalling via Helsenorge, anten gjennom eige eller føresette sitt telefonnummer. Det er viktig at de stadfestar timen.
Dei som ikkje har fylt 16 år på vaksinasjonstidspunktet må ha med underskrift frå føresette. Den einskilde kommune legg ut informasjon om korleis føresette skal dokumentere/samtykke til vaksinasjon.
Elevar som får vaksinetidspunkt i skuletida får høve til å møte opp til vaksinering utan at dette vert rekna som fråvær.
Vi voner at også dei andre kommunane på Søre Sunnmøre set i gong slik vaksinasjon, og også her vil vaksinasjon vere gyldig fråværsgrunn.
Elevane melder fråværet i VIS og dokumenterer avtalen overfor kontaktlærar ved å syne fram innkallinga/legge ved kopi av innkallinga.