Nye tiltak gjeldande frå og med torsdag 16. desember

Regjeringa har i kveld sett inn fleire nye tiltak i samfunnet for å begrense utviklinga i Covid-smitten.

Skriv ut

For skuledrift på vidaregåande nivå er det bestemt at vi frå og med torsdag skal følgje trafikklysmodellen på raudt nivå. I dag er vi på grønt nivå.

Skulen vil bruke tysdag og onsdag til å leggje meir detaljerte planar og setje i verk naudsynte tiltak for å gå over til smitteverntiltak og organisering på raudt nivå.

Vi vil oppdatere fortløpande i dagane framover, så det er viktig at de les meldingane som vert lagt ut på Teams.

Framover må de ta med alle læremidlane til og frå skulen. Både pc, headsett og lærebøker. Dette siste gjeld frå og med i morgon.

 

Viktig at vi no alle tek ansvar - så vi bidreg i den dugnaden som er iverksett for å halde smitten nede.