Nytt smittetilfelle tysdag 31. august
Meldinga under er lagt ut til elevane på Teams og sendt direkte på sms til berørte.
Vi får i kveld opplyst at ein ny elev fekk positiv test på prøva teke i går (måndag) før skuleslutt.
Dette inneber at elevane i 1ST4, spansk 2 Vg1 og matematikk 1T-2 må teste seg. For dei fleste inneber dette test nr. 4, 5 og 6 i samband med smitten.
Helsetenesta kjem til skulen kl 14.30 i morgon (onsdag) og gjennomfører testinga. Elevane møter til test i korridoren ved toaletta i underetasjen på Øvre skulebygg – som ved dei siste testane.
Elevane kan gjennomføre skuledagen i tråd med timeplan/plan, men INGEN sjuke skal møte på skulen. De skal heller ikkje møte på skulen med symptom på sjukdom!
Det er særs viktig at klassene går samla til Volda Campus arena i morgon, og innrettar seg etter instruksane for plassering i salen gitt av administrasjonen (blir henvist til plassane sine).Dei elevane som skal testast må gå frå Volda Campus Arena, seinast kl. 14.15for å rekke testing.
Elevane skal deretter gjennomføre test fredag og måndag i neste veke