Oppdatering i høve smittetesting
Oppdatering 10. august kl. 15.45 (etter siste dialog med helsetenesta)
Det har vore utfordrande å nå ut med informasjon, sidan ikkje alle elevane er inne/har opplæring på den viktigaste meldingsplattforma til skulen. SMS-varsling har vore beste kommunikasjonskanal, og det er avgrensa kor godt dette fungerer. Alle elevane er no teknisk komen inn i systemet, og vi gjennomfører grunnleggjande opplæring for nye elevar så snart det let seg gjennomføre.
Informasjon om smittetesting:
Vi formidlar frå helsetenesta at dei kjem fysisk til skulen og tek test på elevane i 1ST2 og spansk 1 (gruppa til Lluis Aguilar) klokka 14.00 i morgon tysdag 31.8. Elevane har fått SMS-varsel. Elevane møter i kantina på øvre bygg.
Helsetenesta melder vidare at det etter dette ikkje bli gjennomført testar ved skulen og alle må bestille test(ar) på lokal teststasjon. Dette gjeld til ev. ny beskjed vert gitt.