Orienteringsmøte for føresette Vg1

Vi inviterer med dette til orienteringsmøte  - vg1, Volda vgs

Skriv ut

Tysdag 21. september 2021 kl 18.30 (felles del til ca 19.30) i festsalen, øvre bygget

 

Program:

A:        Orientering om skulen: organisering av skulekvardagen, informasjonskanalar /læringsplattformer, elevutstyr, reglement, samarbeid med føresette mv.  

B.         Val av foreldre-/føresetterepresentant til skuleutvalet*

 

Musikk,  Medium og kommunikasjon og Kunst, design og arkitektur går til eigne orienteringar/møte med kontaktlærarane sine etter at val er gjennomført

 

C:        Val av programfag på studiespesialisering -  «spesiell studiekompetanse»

D:        Klassevise møte med kontaktlærar

 

*Val av representantar til Skuleutvalet:

Skuleutvalet skal ha ein føresetterepresentant m/vara som blir valt kvart år, med funksjonstid 1 år. Av praktiske grunnar må valet skje på dette informasjonsmøtet, og vi inviterer til at villige personar melder seg til skulen, gjerne på førehand.  Dersom vi får fleire kandidatar, vert det gjennomført skriftleg val.  Valresultatet vert presentert på skulen si heimeside (www.volda.vgs.no), når oppteljing er gjennomført.  Skuleutvalet vil normalt ha 3 møte i året, på dagtid.  Honorar for foreldrerepresentant er p.t kr. 1600.- pr møte.  Om du kan tenkje deg å stille til val, eller har spørsmål til vervet, så ta kontakt med rektor via e-post, på følgjande e-postadresse: trond.hjelseth@mrfylke.no.  

 

NB: smittesituasjonen framover kan påverke om og korleis møtet kan gjennomførast.  Sjekk skulen si heimeside i dagane før møtet.  Endringar kan kome, eller restriksjonar bli innført.

 

Hjarteleg velkomne!

 

Med vennleg helsing
VOLDA VIDAREGÅANDE SKULE

 

Trond Hjelseth
rektor