Presisering om karantene og testing i høve våre smittetilfelle
Det hardei siste dagane blitt publisert nyhende med ulike modellar i høve korleis den enkelte skal/kan innrette seg i høve det å ha vore nærkontakt til Covidsmitta. Vi har difor i dialog med kommunehelsetenestene fått presisert dette tydelegare.
Helsetenesta i Volda har avgjort at alle våre elevar som vel å gå i testordninga (gjennomfører covidtestar slik pålagt), slepp all karantene med mindre ein bur saman med nokon som er smitta*. Dette under føresetnad av at ein er frisk og symptomfri, Det er naturlegvis også ekstra viktig å halde avstand/vaske hendene ofte osb!
*Når det gjeld husstandsmedlem til kjende smittetilfeller, altså nokon som bur saman med ein smitta, kan ein ikkje velge testregime, då dei har ca. 20 - 50 gongar høgare risiko for å vere smitta enn ei "vanleg" nærkontakt. Desse vil få telefon frå smittesporingsteamet, og får 15 dagar karantene, og kan tidlegast teste seg ut av karantene dag 13.
Det er diverre ikkje kapasitet til testing på skulen, så den einskilde må bestille og gjennomføre test på teststasjon. Slik test kan ein ta i Hovdebygda (mellom Volda og Ørsta) eller på teststasjon i andre kommunar for elevar som ikkje bur der. Bussane går relativt hyppig mellom Volda og Ørsta, og det er busstopp i nærleiken av teststasjonen.
Kvar einskild må også gjere avtale med teststasjonen for tidspunkt for ev. seinare testar, dersom ein er pålagt fleire testar (ut frå vaksinasjonsstatus). Skulen har i utgangspunktet ikkje innsyn i dette, og kan ikkje svare på spørsmål knytt til dette. Om vi får melding frå helestenesta om korleis dette vert organisert, så bidreg vi med å formidle dette til elevane. Her (nedanfor)ser du korleis teststasjonen skisserer datoar for vidare testing:
Elevane i klassene matte 1T-2, 1ST3 og tysk 2-1-VG1 som var på skulen 31.08. og/eller 01.09. kan velge mellom to alternativ:
Alternativ 1: Testregime:
- Test 03.09./04.09.
- Test 06.09.
- Test 08.09.
(Testregime avslutta dersom det ikkje er nokon i klassen som testar positivt på ein av desse testdagane).
Alternativ 2: "Ordinær" karantene:
Første test 03.09./04.09. Deretter er ein i karantene i 10 døgn, men KAN teste seg ut av karantene dag 8.
Den einskilde elev må melde fråvær til kontaktlærar ved testing eller ved karantene (dersom ein vel karantene i staden for testing).
Denne meldinga er også publisert på Teams til elevar og tilsette.