Presiseringar knytt til karantene og testing.

Presisering pr. måndag 30. august.

Skriv ut

Det vil ikkje vere endringar i strategien som er lagt i høve dei utbrota som var ved skulen i førre veke. Dette betyr at elevar ved Volda vgs framleis kan velje testing i staden for karantene. Vi presiserer dette sidan det er kome medieoppslag om at Ørsta kommune no går over til karantene som verkemiddel for å avgrense smitte. Dette skuldast mellom anna manglande testkapasitet.

Det betyr at elevane våre kan halde fram med testing som alternativ til karantene, og vere på skulen dersom dei får negative testresultat. NB: du skal ikkje kome på skulen om du er sjuk eller har symptom på covid-sjukdom. Om du har spørsmål, så kontakt skulen på 71 28 23 00.

Kontakt