Raudt nivå og skulen si praktiske organisering framover
Med bakgrunn i smittesituasjonen, og regjeringa si melding om overgang til raudt trafikklys frå torsdag 16.12, ser skulen for seg følgjande opplegg i tida framover:
Onsdag 15.12
Vanleg skule for alle. Heildagsprøve etter oppsett plan.
Torsdag 16.12:
Heildagsprøve 1KDA (DA) og vanleg skule for Vg1-elevane. Der vil kome ny romplan for klassene/gruppene på Teams.
Alle andre elevar (Vg2 og Vg3) gjennomfører læringsarbeidet på heimebane via Teams, og følgjer oppsett timeplan i VIS.
Fredag 17.12:
Heildagsprøve matematikk/KSA Vg2 og Vg3 på skulen.
Vg1 og andre elevar som ikkje har heildagsprøve arbeider etter arbeidsplan i faga dei har på timeplanen heimanfrå, med mindre lærar gir beskjed om anna opplæringsaktivitet.
Måndag 20.12:
All ordinær undervising skjer som heimeundervising etter timeplan i VIS.
Heildagsprøve Norsk munnleg for Vg2 blir via Teams for nokre klasser, og på skulen for andre klasser. Du vil få beskjed frå faglærar om kva som gjeld for deg.
Oppsamlingsprøver vil bli køyrt på skulen, og elevar som er meldt inn til dette skal møte på skulen.
Tysdag 21.12:
All ordinær undervising etter timeplan, og juleavsluttinga med kontaktlærar skjer via Teams (som heimeundervising).
Etter jul:
Tysdag 4.1 og onsdag 5.1:
All ordinær undervising skjer som heimeundervising etter timeplan i VIS.
Melding om kva som skjer frå torsdag 6.1. kjem seinast i første veka etter juleferien. Vi veit at skulen vil vere på raudt trafikklysnivå (minimum) til midten av januar, ref meldinga frå regjeringa i går.
Dersom der er elevar som ikkje har tilgong på internett heime, eller av andre årsaker ikkje har høve til å arbeide heimanfrå, så kan desse møte på skulen og få tilvist plass. Send e-post til volda.vgs@mrfylke.no om du treng tilrettelegging for dette.