Regjeringa gjeninnfører trafikklysmodell i skulen
Regjeringa har bestemt at vi skal tilbake til trafikklysmodellen i høve smittevern frå og med i morgon 9.12. 21
Vi har, jamfør denne bestemminga, fått tid fram til måndag på å tilrettelegge for tiltak for grønt trafikklys, noko vi langt på veg også har innretta skuledrifta etter denne hausten.
Hovudpunkta ved grønt nivå er:
- INGEN SJUKE (elevar, tilsette eller føresette) SKAL MØTE PÅ SKULEN.
- Ha låg terskel for å ta ein hurtigtest ved luftvegssymptom, og følg elles FHI (Folkehelseinstituttet) sine retningslinjer for vidaretesting, karantene mv.
- God hygiene og forsterka reinhald
- Handvask før skulestart og før og etter lunsj/matpause
- Handvask før ein kjem til biblioteket
- Bruk spritdispensar før du plukker varer i kantina
- Kontaktreduserande tiltak:
- Unngå fysisk kontakt mellom personar (handhelsing og klemming)
Det er også anbefalt å nytte munnbind ved kollektivkøyring.
Elles vil det vere vanleg organisering av klasser og skulekvardag.
Vi vil halde alle elevar løpande oppdaterte via Teams med eventuelle endringar i trafikklysmodellen, og anna relevant informasjon om smitteverntiltak.