Rekonstruksjon Utøya
I regi av Den kulturelle skulesekken i Møre og Romsdal fylkeskommune, får elevane på Volda vidaregåande skule vist filmen "Rekonstruksjon Utøya". Den handlar om den grufulle terroraksjonen på Utøya 22. juli 2011.
Seks år etter terroråtaket kjem fire overlevande frå Utøya saman i eit filmstudio i Nord-Noreg. Dei er saman med tolv ungdommar som ønskjer å forstå og hjelpe. Ein psykolog er til stades i heile prosjektet. Saman i studioet rekonstruerer dei overlevande sine minne om kva som skjedde på Utøya. Denne filmen dokumenterer prosessen.
Korleis overlever du møtet med terrorens sanne andlet? Rekonstruksjon Utøya er ei gripande gjenfortelling med fire overlevande etter det mest omfattande høgreekstreme terroråtak i Europa i moderne tid.
Dokumentaren syner korleis det å gjennoppleve 22. juli blei ein veg vidare for dei – og for oss som sit i salen.
Ein av medskaparane av filmen, John Arvid Berger frå Polarfox AS er med under filmframsyningane. Det er også ein av ungdommane som overlevde terroren på Utøya samt ein som er med i filmen. Når filmen er slutt, har vi ein samtale i salen der elevane får stille spørsmål og ytre seg om det dei har sett.
I samband med denne aktualiseringa av terroraksjonane 22. juli 2011, markerer vi óg at Volda vgs. mista ein av elevane sine denne dagen. Guro Vartdal Håvoll, som skulle bli tredjeklassing i MU den hausten, vart skoten og drepen på Utøya. Eit bilete av Guro og ein tekst om henne er utstilt på biblioteket saman med eit anna offer for fascismen, Abraham Mahler, 69 år tidlegare (1942). Ei minnebok som familien til Guro har laga om henne er utstilt og tilgjengeleg på biblioteket, saman med andre aktuelle bøker og filmar.