Snart skulestart: Som føresett kan du bidra til eit trygt læringsmiljø
Som forelder og føresett er du ein viktig støttespelar for din ungdom – også i vidaregåande opplæring.
Difor ønskjer vi eit godt samarbeid mellom heim og skule, seier kompetansesjef Kariann D. Flovikholm i Møre og Romsdal fylkeskommune, som eig og driv dei vidaregåande skulane i fylket.
Kompetansesjefen har før årets skulestart skrive eit brev til foreldre og føresette der ho ønskjer velkommen til skulestart. Brevet er ein invitasjon til samarbeid, og tips om kva foreldre og føresette kan bidra med og involvere seg i for å gjere samarbeidet med skulen best mogleg.
«Skolane vil invitere deg til foreldremøte etter skolestart. Her skal du få begynne å bli kjent med skolen og få informasjon om skolen, skolekvardagen og om korleis du kan bidra som føresett», skriv ho.
I brevet blir det lagt stor vekt på samarbeidet mellom heim og skule for å gi elevane eit godt og trygt skulemiljø for elevane. Alle elevar har rett på eit godt og trygt læringsmiljø, og skulane arbeider heile tida for at denne retten skal vere oppfylt. Men dersom føresette opplever at ungdommen ikkje har det bra, skal dei vite kven dei kan kontakte.
«Viss du trur eller veit at ein elev ikkje har det trygt og godt på skolen, vil vi gjerne vite om det så tidleg som mogleg slik at vi kan hjelpe eleven», skriv ho i brevet.