Stem Volda vidaregåande skule fram til europeisk statistikkfinale
Eit lag frå Volda vidaregåande skule kjempar no om finaleplass i den store europeiske statistikkonkurransen for ungdommar. Du kan stemme dei til finalen.
Heile 370 norske lag deltok i dei to innleiande rundane i den store europeiske statistikkonkurransen for ungdommar, som i Norge vert arrangert av Statistisk sentralbyrå (SSB). I konkurransens tredje og siste runde står det berre to lag igjen i kategorien for vidaregåande skular, kor oppgåva har vore å lage video med utgangspunkt i temaet «offisiell statistikk i en verden som oversvømmes av data».
Laget frå Volda vidaregåande skule konkurrerer mot eit lag frå Mysen videregående skole om ein siste finaleplass.
Lag frå 15 europeiske land
På Den europeiske statistikkonkurransen/Publikumsprisen kan du fram til torsdag 6. mai stemme på din favorittvideo i kategoriane for ungdomsskular og vidaregåande skular. Videoane med flest stemmer i kvar kategori går videre til den europeiske finalen, kor dei norske lagaskal konkurrere mot lag frå 15 andre europeiske land.
Dei tre elevane ved Volda vgs. som er med på laget er:
Aslak Aarflot Jønsson 2st1
Jørgen Skaar 2st2
Alrik Ljoså Sørheim 2st3
Vi gratulerer dei med prestasjonen så langt, og ønsker dei lukke til med avstemminga om finaleplass!