TESTING AV ELEVAR OG TILSETTE VED VOLDA VGS
Vi har ein auke i talet på smitta ved Volda VGS, og kommuneoverlegen finn det naudsynt å setje i verk følgjande tiltak:
Frå i dag, tysdag 25. januar, skal alle elevar teste seg med hurtigtestar to gongar i veka dei næraste fire vekene. Testen skal gjennomførast tysdag og fredag. Også tilsette som ikkje har fått tredje dose skal gjennomføre testing.
Testane blir utlevert på skulen tysdag, og det vert gitt ut 4 hurtigtestar til kvar elev.
Det vert lagt ut testar (stablar på 4 stk) i vestibylen på Øvre bygg av tilsette ved skulen, frå kl. 13.20 i dag (i friminuttet) og ut dagen til kl 15.15. Testar vert lagt ut på dei høge borda ved vindusrekka.
Hald avstand frå kvarandre ved henting av testar!
I tillegg er skulen open frå kl. 18.00 i dag, og testar kan hentast same stad då.
Unntak for testinga gjeld desse:
- Dei som har gjennomgått covid-19 eller fått andre vaksinedose ila dei siste 3 mnd
- Dei som har fått tredje vaksinedose (inga tidsavgrensing)
På vegne av kommuneoverlegen
Leiinga