TILNÆRMA ORDINÆR SKULEDRIFT FRÅ 8.JUNI
Då korona-retningslinjene for skyss blir justerte frå måndag 8. juni, slik at alle elevar kan kome seg til og frå skulen, vil vi kunne legge opp til å drive skulen tilnærma normalt i vekene 24 og 25. Vi følgjer framleis den nye timeplanen, men det vert ikkje lagt opp til digital heime-undervising i desse to siste vekene. Frå tidleg i veke 25 vil vi køyre alternative aktivitetar og avsluttingsmarkeringar for elevane. Dette fordi årstimetala i fag er oppfylte innan veke 24.
Den nye smittvernrettleiaren for vidaregåande skule peikar på at det er forsvarleg å gjennomføre undervising med fulle klasser i klasseroma, men understrekar også at det framleis er slik at ein bør halde avstand til kvarandre i fellesområde, garderobar, og på andre områder det kan oppstå trengsel. I tillegg er det framleis viktig med god handhygiene, og ingen skal, som før, kome på skulen dersom dei er sjuke eller har symptom.
Skulen oppmodar difor alle om å respektere dette.