Undervisingsevalueringa 2021
Informasjon til elevar og føresette om undervisningsevalueringa 2021-22
Det er politisk vedteke at vidaregåande skular i Møre og Romsdal skal gjennomføre ei undervisningsevaluering kvart skuleår. Målet med evalueringa er at ho skal vere eit verktøy for kvalitetsutvikling i den vidaregåande opplæringa i fylket. Resultata vert brukt i pedagogisk og fagdidaktisk utviklingsarbeid mellom lærar og undervisningsgrupper, og mellom lærar og avdelingsleiar. Rambøll Management Consulting hjelper fylkeskommunen i design, gjennomføring og rapportering av evalueringa.
På Volda vgs. vert undervisingsevalueringa gjennomført i veke 45 og 46, perioden 8.-10. november i år.
Evalueringa vert gjennomført som ei elektronisk spørjeundersøking som elevane skal svare på i skuletida. Det er frivillig for elevane å svare på undersøkinga, men vi oppmodar alle elevar til å delta. Svara vert handsama konfidensielt, og ingen vil kunne identifisere einskildsvar. Det vil berre bli utarbeidd rapportar for grupper med 5 eller fleire svar.
Elevane skal evaluere korleis undervising og vurdering i fag er lagt opp og gjennomført av lærar. Dei skal også evaluere sitt eige læringsarbeid. Den enkelte elev skal svare på evalueringa éin eller fleire gongar, avhengig av kor mange fag/lærarar han er blitt vald ut til å evaluere. Det er også mogleg at ein elev ikkje skal evaluere nokon fag/lærarar. Det er skuleadministrator som har bestemt kva klasser/grupper som skal evaluere.
Spørsmåla er like for alle fag/undervisningsgrupper. Spørjeskjemaet er utvikla i samarbeid mellom Rambøll og Møre og Romsdal fylkeskommune. Skjemaet inneheld spørsmål fordelt på fem tema:
- Eleven si meistring og motivasjon
- Læringsmiljøet i gruppa
- Vurderingspraksis
- Støtte frå lærar
- Faglege utfordringar og forventningar
Om de har spørsmål til undersøkinga, kan de kontakte Møre og Romsdal fylkeskommune ved rådgivar Monica Solheim (monica.solheim@mrfylke.no), eller rådgivar Ann-Christin Hoel Lervik (ann-christin.hoel.lervik@mrfylke.no)
Med vennleg helsing
Trond Hjelseth
Rektor, Volda vidaregåande skule