Ungdataundersøkinga 2023
I år vert det gjennomført ny ungdataundersøking for alle ungdommar i Møre og Romsdal. Sist gong den vart gjennomført var for fire år sidan, våren 2019. Årets resultat vil bli samanlikna med desse og tidlegare års resultat. Dette er elles ei nasjonal undersøking gjennomført fleire gongar i alle fylke.
Føremålet for undersøkinga er å få oversyn over korleis ungdommen har det og kva dei gjer på i fritida.
Gjennomføringa vil skje i veke 9, første veka etter vinterferien. Alle ungdommar som ikkje er fylt 20 år kan delta. Det er friviljug for kvar einskild elev å svare på undersøkinga, men vi ynskjer sjølvsagt ein høg svarprosent. Sist var den på 83%. For ungdommar under 18 år er det foreldre/føresette som bestemmer om bornet skal delta eller ikkje, i siste fall må ein gi melding til skulen. Dersom ein ønskjer at bornet skal svare på undersøkinga, føreheld ein seg passivt.
Opne dokumentet for meir informasjon, som du også kan finne på ungdata.no