Vanleg skule for alle som ikkje er sett i karantene

Vi har siste timane fått mange spørsmål om heimeskule/fjernundervising skal gjelde for alle våre elevar og tilsette. Her må vi understreke at dette ikkje er noko vi på skulen kan bestemme utan at det er tilrådd frå kommunehelsetenesta/kommunelegen.

Skriv ut

Etter beskjed frå kommunehelsetenesta i Ørsta no i ettermiddag, vert det difor halde vanleg skule i morgon for alle elevar og tilsette som ikkje er i karantene. Saka vert oppdatert på kort varsel, dersom det kjem ny beskjed.