Velkomen til nytt skuleår
VELKOMEN SOM ELEV VED VOLDA VIDAREGÅANDE SKULE
Skulestart er måndag 17. august, og vi gler oss til å møte både nye og gamle elevar.
Vi vonar de alle har hatt ein god sommar, og no er klare for nye utfordringar på skulebenken!
Plan for oppmøte for dei ulike trinna/programområda ser du nedanfor, og vi ber om at alle møter presist til oppsette tidspunkt.
Av smittevernomsyn er oppstarten av skuleåret litt annleis enn vanleg praksis, og vi vil difor gjere merksam på at du IKKJE SKAL MØTE PÅ SKULEN OM DU ER SJUK. Les meir om smitteverntiltak nedst på sida.
NB! OPPDATERT PLAN FOR OPPMØTE!
09:00 Vg1 Studiespesialiserande møter ute på skuleplassen framfor hovudinngangen til skulen. (Om det er dårleg ver går vi inn i Festsalen etter opprop). Hugs å halde 1-meters avstand til kvarandre.
10:00 Vg1 Medium og kommunikasjon, Musikk, dans og drama og Kunst, design og arkitektur møter ute på skuleplassen framfor hovudinngangen til skulen. (Om det er dårleg ver går vi inn i Festsalen etter opprop). Hugs å halde 1-meters avstand til kvarandre.
12:00 Påbygg-klassene møter utanfor Festsalen (v/hovudinngang/ kantine). Elevane vert plassert i Festsalen etter kva klasse dei høyrer til.
Vg2- og Vg3-elevar møter kontaktlærarane sine direkte i klasseroma:
(Eventuelle nye elevar på Vg2 og Vg3 vil få melding om kvar dei skal møte).
10:30 Vg2 møter på desse klasseroma:
KLASSE | KLASSEROM |
2ST1 | K205 |
2ST2 | K204 |
2ST3 | K206 |
2ST4 | K207 |
2KDA | K115 |
2MK1 | R3 |
2MU1 | R5 |
12:30 Vg3 møter på desse klasseroma:
KLASSE | KLASSEROM |
3ST1 | K304 |
3ST2 | K305 |
3ST3 | K306 |
3ST4 | K307 |
3KDA | K307 |
3MK1 | R1 |
3MU1 | R4 |
Smittevern på gult trafikklys.
Per dato er status for koronasituasjonen på gult nivå, og det vil seie at undervisinga vil gå som normalt med heil klasse i klasserom, men at elevane skal halde minst 1 meters avstand til kvarandre utanfor klasserommet. Vi følgjer tett opp reglar og retningsliner frå FHI og Kunnskapsdepartement/Udir med omsyn til smittevern, og vi vil sende ut informasjon til føresette om våre koronarutiner, så snart vi har fått inn alle e-postadresser.
Det er viktig å minne kvarandre på at de må vaske hendene dykkar ofte, og unngå både å handhelse eller klemme på andre. Vi ber om at du som elev no den første tida tek med deg di eiga niste og drikke til skulen, då vi av smittevernomsyn har stengt kantina vår, vassautomatar med meir.
Vi vil også gjere merksam på at dersom du er sjuk skal du IKKJE møte på skulen. I staden skal du ringe sentralbordet vårt og melde i frå om at du er borte. Ta også kontakt med lege for ev. test og rettleiing.
Er det andre grunnar til at du er borte første skuledag (t.d. karantene eller anna) skal du også melde i frå til skulen.
Ved spørsmål om dette eller anna relatert til skulestart, ta kontakt med vårt sentralbord på telefon 71 28 23 00
Hjarteleg vel møtt til nytt skuleår, alle saman!
(foto: Bård Aasen Lødemel)