Vikariat inntil 60% stilling song/vokal

Vi søker etter lærar i song/vokal - vikariat, snarleg tilsetting

Vi søker lærarvikar i høve song og vokal-undervising ved vår musikklinje for snarleg tilsetting.Vikariatet gjeld undervising i både hovud-/fordjupingsinstrument og bruks-/bi-instrument.

 

 

Skriv ut

Vikariatet gjeld ut skuleåret 2020/2021, til og med 18.06.21.

Vi søker etter deg som har fagkompetanse hovudsakleg innanfor fagfeltet song og vokal. Relevant utdanning og undervisingserfaring og personlege kvalifikasjonar vil bli vektlagt.

Ta kontakt med avdelingsleiar Jan Terje Eidset for meir informasjon om dette vikariatet.

Vi kan tilby

  • satsing på arbeidsgjevarpolitikk med tiltak for leiarar og medarbeidarar i vekst og utvikling
  • utfordrande oppgåver i eit godt, aktivt og utviklande arbeidsmiljø
  • individuelt tilpassa livsfasetiltak
  • medlemskap i SPK (god tenestepensjon og gode forsikringsvilkår )
  • løn etter gjeldande avtaleverk

Vi ønsker søkar som har

  • formell undervisingskompetanse i faget
  • undervisingserfaring frå vidaregåande opplæring
  • god kompetanse innan bruk av digitale verkty
  • god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

Politiattest

Den som blir tilsett må levere politiattest jf. opplæringslova §10-9.

 

Søknadsfrist    08.04.2021                                 Utlyst dato        26.03.2021                           Vårref                  4829

Dokumenter

Kontakt