Voldaruss mot kreft 2021
Voldarussen vil i år som tidlegare år delta på kreftforeiningas krafttak mot kreft. Krafttak mot kreft er Kreftforeininga sin årlege innsamlingsaksjon, og sum og omfang den nest største i landet.
Aksjonen vert gjennomført i alle delar av Noreg mellom 6.-14. mars 2021. Målet er å samle inn 35 millionar kroner til forsking på kreftformer som få overlever, og til gode omsorgstilbod for pasientar og pårørande. I dag overlever tre av fire nordmenn kreft, men bak statistikken skjuler det seg store forskjellar. Det er framleis fleire kreftformer som svært få overlever. Lungekreft, bukspyttkjertelkreft, hjernekreft og spiserørskreft er blant desse. Færre enn to av ti overlever desse kreftformene. I år ynskjer voldarussen å samle inn pengar spesielt til denne gruppa av kreftramma.
Vi vil difor setje utruleg stor pris på eit bidrag til innsamlingsaksjonen vår!
I år vert aksjonen heilt digital, det betyr at ingen vil kome å ringe på dørene i aksjonsperioden. Vi ønsker i staden at du nyttar lenkja under for å gje til dette viktige føremålet
For å støtte aksjonen kan du klikke her!
Eller du kan vippse til #461070
Mvh
Voldarussen 2021. <3