Webinar: Alt du treng å vite for å velje vidaregåande opplæring
Vi inviterer alle 10.klassingar, foreldre og føresette i heile fylket til eit informasjonsmøte om å velje vidaregåande opplæring. Vi ønsker å bidra til at det skal bli lettare å ta eit val som passar for deg.
- KVAR: Digitalt, på teams
- NÅR: 12. desember kl. 18 - 1830
- KVA: Informasjonsmøte om å velje vidaregåande opplæring
Under og etter møtet kan du eller dine foreldre/føresette stille spørsmål anonymt i chat. Chatten vil vere open frå kl. 18 – kl. 20. Rådgivarar frå inntak, fagopplæring, opplæring i skole, oppfølgingstenesta og karriere og oppfølging vil svare på spørsmål.
Henrik som jobbar i fylkeskommunen vil leie deg gjennom møtet, med både prat og filmar.
På programmet
- Korleis ta eit val som er rett for deg
- Kva er yrkesfag?
- Kva er studieførebuande?
- Å vere elev på vidaregåande skole
- Kvar finn du meir informasjon
Vel møtt!
Helsing
Inntak
Kompetanse og næringsavdelinga
Møre og Romsdal fylkeskommune