Du lærer
- å teikne
- utforming av gjenstandar i forskjellige materialar
- å vidareutvikle dei kreative evnene dine
- om kunst og kultur
- om stad- og byutvikling
- teoretiske fag
Du bør vere
- glad i å teikne
- kreativ
- interessert i design, form og farge
- oppteken av estetikk
- interessert i å skape noko
Du oppnår
- studiekompetanse og kan ta høgare utdanning
Dersom du tek høgare utdanning, kan du blant anna bli:
- arkitekt, landskapsarkitekt eller interiørarkitekt
- produktdesignar, industridesignar eller grafisk designar
- kunst- og kulturformidlar, kurator eller kunstnar
- Du kan også utdanne deg til andre yrke – med generell studiekompetanse kan du søkje dei fleste studium ved høgskolar og universitet
Arbeidsstader kan vere
- arkitektkontor eller bygg- og entreprenørbedrifter
- produksjonsbedrifter eller designbyrå
- museum, galleri eller kunstneratelier
Opptakskrav til høgare utdanning
Med generell studiekompetanse kan du søkje dei fleste studium ved høgskolar og universitet. Men nokre studium har spesielle opptakskrav:
- Opptaksprøver: Mange arkitektur- og kunstfaglege studium krev ei praktisk opptaksprøve. Med kunst, design og arkitektur får du eit godt grunnlag for å gjennomføre slike opptaksprøver.
- Realfagskrav: Nokre studium krev at du har visse realfag. Eksempel på slike studium er ingeniør-, realfags- og medisinske studium og arkitektur ved NTNU. Du finn opptakskrava til høgskole- og universitetsstudium på samordnaopptak.no. På kunst, design og arkitektur kan det vere vanskeleg å få plass på timeplanen til å velje alle dei realfaga du treng. Sjekk med skolen din om dei kan tilby deg dei realfaga du ønskjer å ta.
Val av fag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur
- Tre programfag kan du velje sjølv, ett på Vg2 og to på Vg3.
- Dei valfrie programfaga kan vere vidare spesialisering innan kunst, design og arkitektur og/eller fag fra eit anna programområde i studieførebuande utdanningsprogram (for eksempel realfag eller framandspråk).
- Det er opp til skolen din kva programfag ein tilbyr.
- Hadde du ikkje framandspråk på ungdomstrinnet? Då må du ta framandspråk som fellesfag på Vg3 i staden for eitt av dei to valfrie programfaga på Vg3.
- Har du spesielle framtidsdraumar? Då bør du sjekke opptakskrava til studia, før du vel fag.
- Programfag i framandspråk og realfag gir tilleggspoeng ved opptak til høgare utdanning.