Biblioteket ved Volda Vgs

Skulebiblioteket er plassert i lyse og trivelege lokale i administrasjonsfløya på øvre bygget, med inngang ned trappa frå vestibylen.

Biblioteket er skulen sin «studiestad» til bruk for elevar og tilsette, og støttar undervisnings- og læringsarbeidet ved å stille eit relevant og allsidig tilbod til disposisjon for brukarane.

I biblioteket finn de informasjon til ulike typar skulearbeid og lesestoff i dei fleste genrar. Vi har eit variert utval av fag- og skjønnlitteratur, filmar, aviser- og tidsskrift. Og appen «BookBites» er vår teneste for elektronisk litteratur.

På skulebiblioteket er det godt høve for elevane til å få gjort skulearbeid. Her er det mange arbeidsplassar og eigen lesesal.

Bibliotekaren er tilgjengeleg for hjelp og rettleiing heile skuledagen. Spør når de treng hjelp til å finne fram i biblioteket, vil ha hjelp med informasjonssøk og kjeldebruk eller berre vil ha eit lesetips t.d.

I tillegg til å vere ein stad for informasjonsinnhenting og studiar, har biblioteket ei viktig rolle som sosial møteplass. Her kan de treffe medelevar, sitte og lese eller berre vere ei stund.

Opningstid

Måndag-fredag: 8.00 -15.10

Kontakt

Du kan kontakte biblioteket via e-post: vgs.volda.bibliotek@mrfylke.no, sende melding til Heidi Holen på Teams eller ringe 71282310.

VELKOMMEN TIL SKULEBIBLIOTEKET!

Snarvegar

 

Søk i skulebiblioteket

Bookbites - korleis kome i gong

Bookbites - Korleis opprette brukar

Filmbib - Filmlån gjennom biblioteket

Kjeldekritikk

Kjeldetilvisingar og litteraturliste i APA-stil

Nettvett og digital dømekraft

NDLA-film

Idunn - fag og forskningsartiklar

Bibliotekutvikling - Det flerspråklige bibliotek

NesteBok - forslag til nye bøker

Verdensbiblioteket - Bøker på ditt eige språk