Pedagogisk psykologisk teneste (PPT)

Alle elevar, lærlingar og lærekandidatar i vidaregåande opplæring har gratis tilbod om pedagogisk-psykologisk rådgiving. Den pedagogisk psykologiske tenesta (PPT) skal også hjelpe skolane og lærebedriftene med å tilrettelegge opplæring og spesialundervisning.

Kven kan be om hjelp frå PPT?

Elevar, lærlingar og lærekandidatar kan be om hjelp til å få vurdert fagvanskar eller andre lærevanskar. PPT kan gi råd om kva tiltak som gjer det lettare å lære. Skolane kan be PPT om hjelp til kompetanse- og organisasjonsutvikling for å legge til rette for god læring. For dei som søker om spesialundervisning, er PPT sakkunnig instans. 

Korleis få kontakt med PPT?

Elevar, lærlingar og lærekandidatar kan ta kontakt med PPT sin kontaktperson på skolen eller ta direkte kontakt med det næraste PPT-kontoret. Kontaktlærarar eller rådgivarar kan også opprette kontakt med PPT.  I tillegg kan skolen tilvise elevar til teneste.

Kva slags hjelp gir PPT?

PPT kan gi elevar, lærlingar eller lærekandidatar råd og rettleiing om opplærings- og læringssituasjonen. Det kan til dømes vere fagvanskar eller personlege eller sosiale problem. PPT kan gjennomføre utgreiingar og gi rettleiing i søknad om spesialundervisning. Om nødvendig, kan PPT sette i kontakt med andre instansar som psykiatriske poliklinikkar, NAV og helsestasjonar. Dei som arbeidar i PPT har teieplikt. 

PPT ved Volda Vgs.

Ved Volda vidaregåande skule har vi utplassert Anne Ragnhild Roland. Om du ynskjer samtale med dei kan du avtale dette på telefon 480 17 423 eller sende ein epost til anne.ragnhild.roland@ulstein.kommune.no

Kontortid på helsesjukepleiarkontoret på K1

T/DMåndagTysdagOnsdagTorsdagFredag
1   

 

 
2   

 

 
3   

 

 
4   

 

 
5   Anne Ragnhild 
6  

 

Anne Ragnhild 
7   Anne Ragnhild 
8

 

  Anne Ragnhild