Det er mogleg å skifte fag, men dette bør skje så raskt som mogleg på hausten slik at du ikkje får for mykje fagstoff å ta igjen. Vi ønsker difor at alle fagbytte bør skje før haustferien. Er du i tvil om du skal skifte fag bør du ta kontakt med rådgjevar. Så langt det er råd så kallar vi inn til samtale før eit eventuelt fagbytte.
Det er fleire av faggruppene som er heilt fulle i år og om du ønsker å bytte til ei av desse gruppene så vert du sett på venteliste. Vi kan avvike frå ventelista av forskjellige grunnar, for at elevar skal få eit gyldig vitnemål.
Det er viktig at du held fram i det faget du går i heilt fram til du har fått skriftleg vedtak om å få skifte fag. NB! Å ha sendt inn eit fagbytteskjema betyr ikkje at du får bytte fag!!
Fagbytteskjema