Skulen har desse utdanningsprogramma:
- Studiespesialisering
- Medium og kommunikasjon
- Musikk, dans og drama
- Kunst, design og arkitektur
- Påbygging til generell studiekompetanse
- Tilrettelagt klasse
Volda vgs. har om lag 440 elevar, 83 tilsette, derav 58 pedagogisk tilsette.
HISTORIKK
Volda private millomskule og gymnasium, seinare Volda offentlege landsgymnas, Volda Gymnas og Volda vidaregåande skule AF, vart skipa i 1910 og var det første gymnaset på landsbygda i Noreg. Skulen vart dermed 100 år i 2010, og det markerte vi i november 2010 med jubileumsbok, open skule og jubileumsfest. Ein særleg grunn til å ha open skule var at hovudbygget (øvre bygget) då var ferdig oppussa og kunne visast fram i ny prakt.
Volda Handelsskule, seinare Volda vidaregåande skule HK, vart skipa i 1933, også den som den første av sitt slag i Noreg utanom byane.
Frå og med skuleåret 1994/95 vart dei to skulane slått saman til ein skule under namnet Volda vidaregåande skule.
Med innføringa av "Reform 94" (1994) gjekk den vidaregåande skulen gjennom store endringar. Studieretningane for allmenne fag og handels- og kontorfag vart slått saman til ei studieretning: Studieretning for allmenne og økonomisk/administrative fag. Med den nye reforma "Kunnskapsløftet" frå hausten 2006 heiter dette studietilbodet utdanningsprogram for studiespesialisering (ST).
Frå skuleåret 1995/96 har skulen også hatt utdanningsprogram for musikk, dans og drama, og frå 2000/2001 medium og kommunikasjon, begge desse er no studieførebuande utdanningsprogram. Hausten 2002 starta vi opp med yrkesfagleg utdanningsprogram for sal og service, som frå hausten 2006 heiter service og samferdsel.I 2018 vart tilbodet service og samferdsel flytta til Ulstein vgs, og i staden startar Volda vgs opp tilbodet Kunst, design og arkitektur. Skulen er difor ein "rein" studieførebuande vidaregåande skule, frå skuleåret 2018/2019.