Utlysing av stipend – minnefond etter Olav Riste
Borna etter grunnleggjaren og første rektoren ved Volda Landsgymnas, Olav Riste, etablerte i 2000 eit minnefond. Av fondet skal det utbetalast stipend til uteksaminerte elevar ved Volda vidaregåande skule.
Fondet kan søkjast av elevar på Vg3 ved Volda vidaregåande skule.
Stipendet skal nyttast i påfølgjande år, og stipendmottakaren leverer sin rapport eller føredrag tilbake til skulen året etter at stipendet er motteke.
Søknaden skal ta utgangspunkt i FN sine berekraftsmål, og prosjektet eller tiltaket skal vere knytt til eitt eller fleire av desse.
Stipendet er tenkt som støtte for å gjennomføre prosjektarbeid, studietur, hospitering eller liknande.
Formålet er å setje fokus på temaet berekraft, med særleg vekt på korleis ungdommar kan bidra og medverke til at ein kan nå berekraftsmål. Dette kan vere i form av eige prosjekt, deltaking i andre sine prosjekt, eller at ein er hospitant/observatør til eit prosjekt.
Når stipendet er brukt, krev styret tilbakemelding om bruken, til dømes i form av eit føredrag for elevar ved skulen.
Styret for minnefondet har bestemt at det skal lysast ut eitt stipend på kr. 10 000.- i 2024.
Val av prosjekt som får tildelt stipend vert gjort av styret i minnefondet.
Søknadsfrist: Måndag 17. juni 2024.
Søknaden din må innehalde følgjande:
A: Oppgje kva for berekraftsmål du vil fokusere på – og kvifor.
B: Kva slags prosjekt/tiltak søkjer du om midlar for å kunne realisere/delta i?
Korleis vil ev. tildeling av stipendet gjere dette prosjektet/tiltaket mogleg
C: Namn og kontaktinformasjon på søkjar.
Dersom du har spørsmål, ta kontakt med styrets leiar, Trond Hjelseth.
Send søknad per e-post til Trond.
Trond Hjelseth
Styreleiar for minnefondet etter Olav Riste
trond.hjelseth@mrfylke.no