Visjon

Visjonen vår er ”mot høgare mål”.

Skulen vår skal først og fremst vere kjenneteikna av læringslyst, innsats og inkludering:

Læringslyst”, dvs læring i eit engasjert, samarbeidsorientert, kreativt og vitalt miljø, der vi utfordrar kvarandre sin kompetanse og byggjer vidare på vår tradisjonsrike historie for å oppnå framtidsretta dugleikar og kunnskap.

Innsats”, der alle medverkar til å halde oppe læringstrykket ved disiplinert og pliktoppfyllande åtferd.

Inkludering”, der alle i skulesamfunnet vert møtt med toleranse, respekt, lojalitet og der skulefellesskapet får fram det beste i oss alle. Skulen har absolutt nulltoleranse for mobbing.

Volda vgs logo mot høgare mål