Du vel fordjuping innan
Du lærer
Avhengig av fagvala dine:
- musikkutøving, individuelt og i samspel
- danseuttrykk, danseteknikkar og koreografi
- skodespelarteknikkar, regi og teaterproduksjon
- å vidareutvikle dei kunstneriske ferdigheitene dine
- teoretiske fag
Du bør vere
Avhengig av fordjupinga di:
- musikalsk og god til å syngje eller spele eit instrument
- god i ei form for dans
- interessert i å spele roller og stå på ein scene
- innstilt på å øve mykje, aleine og saman med andre, i og utanfor skoletida
- kreativ
Inntil halvparten av elevane på Vg1 kan takast inn på grunnlag av opptaksprøve eller dokumenterte ferdigheiter.
Du oppnår
- studiekompetanse og kan ta høgare utdanning
Dersom du tek høgare utdanning, kan du blant anna bli
- dansar, koreograf eller dansepedagog
- songar, musikkpedagog eller musikkterapeut
- skodespelar, scenograf eller dramaturg
- Du kan også utdanne deg til andre yrke – med generell studiekompetanse kan du søkje dei fleste studium ved høgskolar og universitet
Arbeidsstader kan vere
- teater eller operahus
- orkester, konsertscener eller band
- sjukeheimar eller skolar
Opptakskrav til høgare utdanning
Med generell studiekompetanse kan du søkje dei fleste studium ved høgskolar og universitet. Men nokre studium har spesielle opptakskrav:
- Opptaksprøver: Mange kunstfaglege studium innan dans, drama eller musikk krev ei praktisk opptaksprøve. Med dans, drama eller musikk får du eit godt grunnlag for å gjennomføre slike opptaksprøver.
- Realfagskrav: Nokre studium krev at du har visse realfag. Eksempel på slike studium er ingeniør-, realfags- og medisinske studium. Du finn opptakskrava til høgskole- og universitetsstudium på samordnaopptak.no. På musikk, dans og drama kan det vere vanskeleg å få plass på timeplanen til å velje alle dei realfaga du treng. Sjekk med skolen din om dei kan tilby deg dei realfaga du ønskjer å ta.
Val av fag i utdanningsprogram for musikk, dans og drama
- Tre programfag kan du velje sjølv, eitt på Vg2 og to på Vg3.
- Dei valfrie programfaga kan vere vidare spesialisering innan dans, drama eller musikk og/eller fag frå eit anna programområde i studieførebuande utdanningsprogram (for eksempel realfag eller framandspråk).
- Det er opp til skolen din kva programfag dei tilbyr.
- Hadde du ikkje framandspråk på ungdomstrinnet? Då må du ta framandspråk som fellesfag på Vg3 i staden for eitt av dei to valfrie programfaga på Vg3.
- Har du spesielle framtidsdraumar? Då bør du sjekke opptakskrava til studia, før du velg fag.
- Programfag i framandspråk og realfag gir tilleggspoeng ved opptak til høgare utdanning