Helsetenesta

Vi har utplassert ein helsesjukepleiar og ein ungdomsrettleiar ved skulen frå Volda kommune. Omfanget varierer frå år til år. 

For skuleåret 2026-2027 er det helsesjukepleiar Solveig Håheim Vike og ungdomsrettleiar Iselin Steinnes Foldal som har trefftid på skulen. Desse vert å treffe på K111B og K107 på K1 på desse tidspunkta:

Solveig Håheim Vike
Helsesjukepleiar

Trefftid på kontoret (K111B)
Måndag 09-14
Tysdag 09-14
Onsdag 09-14

Fredag etter avtale

Iselin Steinnes Foldal
Ungdomsrettleiar

Trefftid på kontoret (K107)
Måndag - Onsdag etter avtale på Teams

Helsestasjon for ungdom
Volda kommune har i tillegg open helsestasjon på rådhuset. Dersom du har ynskje om å snakke med helsesjukepleiar eller lege kan du kontakte helsestasjonen. Helsestasjonen for ungdom er gratis. (https://www.volda.kommune.no/tenester/oppvekst-barnehage-og-skule/helsestasjon/helsestasjon-for-ungdom-og-studentar/)

Opningstider på Helsestasjon for ungdom og studentar i underetasjen på Volda rådhus.

Tysdag 14-16
Torsdag 14-16

Lege er tilstades på tysdagane frå kl. 14.