Det kan vere spanande å besøke ein ny skule. Kanskje har du vore her før på Open dag, kanskje er du her for fyrste gong. Når du kjem, vil vi ynskje deg velkomen og vise deg veg til Festsalen, det er der vi skal møte.
Gjennom dagen får du møte elevar, lærarar og rådgjevarar. Vi er her for at du, gjennom aktivitetar, erfaring og informasjon skal få eit innblikk i korleis skulekvardagen er på det programområdet du skal hospitere på, og kva det vil seie å vere elev i vidaregåande skule. Vi vil at du skal få god informasjon slik at du kan gjere gode val for deg sjølve, di utdanning og di framtid.
Kjekt å vite
- Hospitering startar kl. 09.00 og varer til kl. 14.00
- Om du kjem med buss, så stoppar Timeekspressen ved skulen. Andre bussar stoppar ved rutebilstasjonen, det er omlag 10 minutt å gå.
- Skulen har fleire inngangar. Nyttar du hovuidinngangen, som du ser på biletet over, finn du lett vegen vidare inn til Festsalen.
- Alle får ein minipizza og ein iste til lunsj. Har du behov for meir mat, ta med matpakke eller kjøp noko i kantina.
- Gje oss beskjed om du har allergiar.
Program for dagen
Litt om dei ulike programområda
Studiespesialisering: Dagen startar i festsalen. Her får elevane høyre om struktur, oppbygging og innhald på studiespesialisering. Deretter blir de delt i grupper, og skal besøke ulike klasser og programfag på ST. De får utdelt ein timeplan med ein variert pakke med fag som ein vil møte på dette utdanningsprogrammet.
Medium og kommunikasjon: Etter fellesorienteringa i festsalen, blir de henta av ein lærar som viser vegen ned til nedre bygg, der MK held til. Der vil de få litt informasjon om utdanningsprogrammet, før de blir delt i grupper. Saman med elevar frå 2MK og 3MK skal de gjennomføre ein medieproduksjon frå idé til ferdig produkt, der de får teste både utstyr og programvare. Dagen blir avslutta i festsalen med fellesvisning av produkta som er laga.
Musikk, dans og drama: Etter fellesorienteringa i festsalen blir de henta og vist vegen ned til nedre bygg, der MU held til. Der får de orientering om musikklinja og programmet for dagen. Vidare blir de delt i grupper, og får høve til å prøve ut fag og aktivitetar som er sentrale på musikklinja, som vokalensemble, samspel, musikkfordjuping, kor og musikal.
Kunst, design og arkitektur: Etter fellesorientering i festsalen får de omvisning og informasjon om programmet for dagen. De får arbeide både i grupper og individuelt, under rettleiing av lærarar og elevar frå 2KDA. Her får de prøve ut ulike praktiske fagområde frå KDA, som konstruksjon, måling og teikneteknikkar.
Vi gler oss til å møte deg!
Har du spørsmål, ta kontakt.