Velkomen til hospitering!

I veke 46 inviterer vi deg som er 10.klassing til hospitering, der du får tilbringe ein dag saman med elevar og lærarar frå dei ulike studieretningane våre. 

Det kan vere spanande å besøke ein ny skule. Kanskje har du vore her før på Open dag, kanskje er du her for fyrste gong. Når du kjem, vil vi ynskje deg velkomen og vise deg veg til Festsalen, det er der vi skal møte.

Gjennom dagen får du møte elevar, lærarar og rådgjevarar. Vi er her for at du, gjennom aktivitetar, erfaring og informasjon skal få eit innblikk i korleis skulekvardagen er på det programområdet du skal hospitere på, og kva det vil seie å vere elev i vidaregåande skule. Vi vil at du skal få god informasjon slik at du kan gjere gode val for deg sjølve, di utdanning og di framtid. 

Kjekt å vite:

  • Hospitering startar kl. 09.00 og varer til kl. 14.00
  • Om du kjem med buss, så stoppar Timeekspressen ved skulen. Andre bussar stoppar ved rutebilstasjonen, det er omlag 10 minutt å gå.
  • Skulen har fleire inngangar. Nyttar du hovuidinngangen, som du ser på biletet over, finn du lett vegen vidare inn til Festsalen. 
  • Alle får ein minipizza og ein iste til lunsj. Har du behov for meir mat, ta med matpakke eller kjøp noko i kantina. 
  • Gje oss beskjed om du har allergiar.

 

Program for dagen

Program for hospitering
KlokkeslettStudiespes. (ST)Musikk (MU)Medium og komm. (MK)Kunst, design og ark. (KDA)
09.00-09.10Fellesinfo i festsalenFellesinfo i festsalenFellesinfo i festsalenFellesinfo i festsalen
09.10-09.40Info om dagen i festsalenInfo om dagen på musikkavdelingaInfo om dagen og omvisningInfo om dagen på verkstad
9.50-11.20Hospitering i klasserMusikk i perspektiv, SamspelFørarbeid og opptakKonstruksjon papir, maleri ved staffeli, samteikning med kol
11.20-11.50Gratis lunsj i kantinaGratis lunsj i kantinaGratis lunsj i kantinaGratis lunsj i kantina
11.50-14.00Hospitering i klasserMusikkfordjuping, kor og musikalEtterarbeid og filmvisingKonstruksjon med papir, maleri ved staffeli, samteikning med kol